Det nærmar seg tid for å få fingen ut og lage det som kan lagast til
sanghefte og kyrkjeprogram. Kyrkjeprogrammet kan sjølvsagt ikkje gjerast ferdig før vi har hatt samtale med presten, men layouten kan til ei viss grad ordnast før den tid. Sangheftet med alt det skal innehalde kan uansett begynnast på. Får heldigvis
printeassistanse, og det er det god hjelp i ettersom det vert
nokre hundretals sider til saman med over hundre inviterte middagsgjester!
Eg likar å arbeide med sånt, så dette skal eg (også) kose meg med.
Kva er det eigentleg å ikkje kose seg med, når ein planlegg bryllaup??
No er det forresten
snart 4 år sidan vi skreiv under på vigselspapira hos sorenskrivar. Det kjendest som
ei særs formell forloving, men ettersom vi reint juridisk vart "rette ektefolk" den dagen måtte vi kle oss litt opp.
Mintgrøn selskapskjole på kona, og svart dress med
matchande slips til kjolen på mannen. Matchande oppdressing er alfa omega syns denne kona her. I utgongspunktet heilt uvesentleg, men samstundes ganske stilig når det først er blitt sånn, syns mannen i huset.
Det ville vore rart å stille opp hos sorenskrivaren i joggedress og utgåtte sko, og det ville vore rart å komme heim etter (den merknadsverdig korte) seansen og ete grandiosa og drikke vatn. Så vi åt ute i lag med foreldre, forlovarar og mormor - som stod for kaffiselskapet etterpå. Ja, så tok vi altså kaffi og
plutseleg-bestilt-marsipankake (svigerfar-Atle sin yndlings) etter middagen, i det som no skal verte heimen til oss og ungane :) Gode minner! ...men enda kjekkare vert det å få den verkelege kjensla av å bli og vere gifte, og ikkje minst med minnene frå den store dagen vår saman med
alle som er nære og kjære :)
Ei bryllaupskake - takka vere dua som sit på to gullfarga plastikkringar..
Men fram til den dagen, så skal eg altså nyyyte planlegginga medan eg
dagdrøymer om dagen med stor D! For det er DEN dagen vi giftar oss. Heilt eigentleg. No er vi berre frykteleg formelt forlova - i eigne auger, om enn "staten" gjerne vil hevde noko anna..