29 juli, 2010

Alt ein skal tenkje på

Det er mykje å tenkje på når ein skal planlegge bryllaup. Eg har inga erfaring med det sjølv, men i dag finst det mange sider på nett der dei fortel deg slikt. Det synest eg er fint, for så kan eg berre kopiere samtlege lister som eg kjem over, stryke ut det som står fleire gongar for å unngå at eg planleggjer det same fleire gonger (haha - ein skjult blondinevits!!), og så kan eg berre legge til det eg sjølv meiner eg treng ein påminnar for å hugse på i tillegg.. Kjapt og enkelt - slik eg likar det når eg allikevel veit at dette kjem til å ta nok tid som det er :)



I alle fall, her følgjer mi hugseliste:

Søke om løyve til å inngå ekteskap

- Erklæringsskjema for brud, brudgom og forlovarane
Ettersom vi skreiv under på ekteskapspapir i 2007 av praktiske hensyn, så er dette ikkje nødvendig å gjere til bryllaupet..

Velge og informere forlovere
Forlovarane fekk beskjed om dato for bryllaup rimelig kjapt etter dato var bestemt :)

Bestemme dato og klokkeslett
Bryllaupsdagen er satt til laurdag 23.06.2012 (Jonsok/St. Hans) og i kyrkja skal vi vere kl 13


Bestille kyrkje/dommar..
Kyrkja er bestilt!

Gjesteliste (for ca antal)
Denne har i grunn vore klar ei stund, sånn relativt i alle fall :)

Informer familie og vener (Facebook teller også, sant vel..? ;P)
Har sagt det til dei vi har truffet på og forøvrig har det blitt lagt som status på Facebook også :)
Den næraste familien veit det no i alle fall :)

Bestille festlokale

+ Sjekk angåande:


- Er lokalet ledig dagen før for pynting?
Jepp, det var det ;) ..ledig dagen etter også, for å få sjanse til å rydde opp ;D

- Skjenkebevilling?
Denne må gjerne søkjast om spesielt til dette arrangementet..
24. oktober 2010: Har sendt mail til kommunen med spørsmål om dette trengst til eit lukka arrangement, når vi ikkje nyttar bedrift til å stå for middag eller annan matservering.. ;)

- Catering eller anna?
Har ynskje om å leige kokk privat og sjølv delta på tillaginga med hjelp av vener og familie som også er utdanna kokkar :)

- Serverings- og oppvaskpersonale?
Tre bekjente og ellers innleigd frå den "lokale" restaurant- og matfag skulen :) 

- Mogelegheit for levande musikk?
Det er noko eg virkelig har lyst på! ..greit å ha en fornuftig stad i lokalet å plassere bandet også..
Og jepp - lokalet har ei stor og brukande scene :)

Sett opp et budsjett!
...har satt opp eit omtrentleg eit som vi skal prøve å halde oss til...
Det får vere godt nok når ein ikkje har gjort dette før (heldigvis) ;D

Velg og bestill bryllupsreise
..alt for mykje som skjer denne sommaren for vår del som det er, så bryllaupsreisa vert utsett på ubestemt tid..

Velg og bestill bryllupsklær
Brudekjolen og heile outfit'en til brudgommen er kjøpt og betalt, men bruda manglar sko, borna manglar alt...

Sett opp meny inkl drikke, velkomstsnack og nattmat
Plan og bestillingar utført ved hjelp av kokken og damene på polet!
• Lære bryllupsvals (pardans generelt egentlig, for vår del..)
Dansing er ikkje noko nokon av oss er bevandra i, så kanskje eit realt kurs hadde vore på sin plass?
Vel, ikkje tid for kursing no allikevel, så håper youtube og stovegulvet holder mål XD
Her sliter vi litt med tida til å øve... Det får gå som det går!

Velge og ”bestille” toastmaster
Valet falt på (og var imøtekomt av) ei venninne av Bruda sine foreldre :) Spennande! :)


Kjøpe bryllupsforsikring!?
..vel, det hadde ikkje falt meg inn om det ikkje var for desse ferdige hugselistene på nett.. Er det verkeleg nødvendig? Nah... trur ikkje det ;)

Velge og bestille blomster/dekorasjonar til festlokale og kyrkje
Det meste skal vere i tråd med farge- og blomstervala i bryllaupsbuketten og i dekorasjonen elles. Symbolikk i fargar og blomeval, som eg tenkte å ha med i tankane, var vanskeleg å matche fullt og heilt med dekorfargen eg elles såg føre meg... 
Velge og bestille gifteringar
Ringane vi har er og blir forlovelsesringar ettersom forlovelsesdatoen er inngravert i dei. Nye ringar skal bestillast og berast i tillegg til dei vi alt har. Det må ikkje vere kraftige ringar, for då blir høgrehanda alt for tung å bere XD 

Velge og bestille fotograf
Han er valgt men ikkje bestilt. Hadde eg hatt eit Fame-studio i nærheita så trur eg nok det hadde blitt det, men når ein no altså slår seg ned på bygda så er det dårleg med denslags. Godt her er dyktige fagfolk allikevel :)

Velge og bestille frisør og sminking
Valgt men ikkje bestilt den heller :)

Velge og bestille band til festen
Det vart ikkje bandet vi først hadde tenkt, men vi fann eit minst like godt alternativ ;)

Velge og bestille musikarar til kyrkja
Done deal :)

Ordne bordorganisering og bordkart
Bordorganisering er valgt og foreløbig kart er lagra på maskina :)
Småjusteringar tek eg etterkvart som det eventuelt vert nødvendig :)

Lage plan for plasseringar i kyrkja
..plan for det også? Hmmh.. er det virkelig nødvendig? Nei. Det droppar eg!

Lage overnattingsplan for tilreisande gjestar
Jess, og den skal leggast ut her og leggjast ved invitasjonane til dei som kjem langveisfra :)

Lage og legge ut ønskelister
Unnagjort og informasjon finst på bloggen her : )

Lage monogram
Etter å ha laga X antal ulike trur eg endeleg eg har bestemt meg for eitt vi skal gå for... Knut kunne (som venta) ikkje brydd seg mindre om akkurat dette X) Hihi..

Lage og sende ut invitasjonar (SU 3 veker etter utsending)
Har scrappa dei sjølv i lag med Knut - koseleg med slike fellesprosjekt! :)

Bestille bryllupsbil
Har fleire i tankane, blir vanskeleg å "velge"

Bestille brudesuite
Treng vi det? Held det ikkje å pynte opp sitt eige, nye soverom, og ha sendt ungane på overnatting hos barnevakt så vi får ein lang morgon allikevel om vi er heime? Hmmh... kanskje ei suitte hadde vore herleg i alle fall...

Lage bordkort, menyar, sanghefte osv..


Ei av mine flinke venninner har fått jobben med å lage bordkorta, og eg er ubeskriveleg takknemleg for å få hjelp til dette midt opp i eksamen og flyttesjau! Sanghefte, eller festprogram som eg har kalt det, er under utarbeiding. Pappa ordner kopieringa :D

• Bestemme/organisere ”underholdning” for gjestane medan brudeparet fotograferast
Ja, her må eg virkelig vri dei små grå.. Eller få hjelp frå toastmistress... Eller la folk få mingle og slappe av den stakkars stunda, og ta seg ein velkomstdrink og litt frukt og slappe av....

Samtale med presten
Og før samtala må eg ha plukka ut nokre salmar og tekstar veit eg.. Og litt tekstar utanom dei bibelske.. Hmmh.. mykje fint å velge mellom, så det er vel berre å sette seg ned og lese nøye gjennom :)

• Produsere kyrkjeprogram
Kall meg uvitande, men det trudde eg kyrkja gjorde? Jaja, det er vel berre å la kopimaskina varme seg godt opp og køyre ho i gang

• Handle morgongåve
Kva gjer ein i morgongåve til ein mann? Nokon med gode forslag? Gode forslag skal i alle fall min kjære få i søkk og kav, for eg har mykje eg kunne tenkt meg å få i morgongåve :D

• Skrive tale
Det liker eg, så det blir ikkje stress det heller :)
..berre eg kjem i gong før tidspresset vert for stort.. :S
Forrige tale eg heldt skreiv eg ein time før eg holdt den.. no good.. :S


Sette inn annonse om det foreståande bryllupet i aktuelle aviser
"Alle" aktuelle aviser frå dei plassane vi har budd, bur og skal bu. Stavanger Aftenblad, BT, Firda og Firdaposten med andre ord.

Lage en køyreplan for dagen saman med toastmaster
 Sånn ca. Sporadisk kontakt er en fin ting for eksamensfokuserte frøkner!

• Få ein til å vere ansvarleg for å avslutte festen og låse lokalet
Kven spør ein om slikt noko da?? Servitørane?

Velg ein eller to til å pakke og og organisere gåvebordet (husk notatbok!)
Har lese at dette er ei typisk forlovar-oppgåve? :) Men kan kanskje vere nok for forlovarane å gjere på denne dagen.. får sjå kven det blir.. :) Eg skal i alle fall lage ein instruksjon om korleis eg vil ha det gjort, slik at eg har god oversikt etterpå når takkekort skal skrivast og sendast ut. Kjedeleg med rot i kva gåve som var frå kven då! :S

Ei venninne som er glad i gåver og så ho som lagar takkekorta. Godt med gode hjelparar!

• Kjøpe inn evt takkegåver til nøkkelpersonar
Kosejobb :) ...til etter bryllaupet...

Sjekke gjesteliste opp mot svar på invitasjonar
Fix ferdig!

Handle inn nødvendig utstyr til bryllupsreisa
...unødvendig så lenge reisa er utsett på ubestemt tid ;P

Utdrikningslag gjennomført og eg er stadig i live
...og med æra i rimeleg forfatning?...

• Manikyr og pedikyr?
Hatar alt som har med føter å gjere, men handpleie gleeer eg meg til :)
Kanskje må det bli ein quick-fix heime hos meg sjølv. Det kan bli hektisk dei siste dagane før den store dagen!

2 kommentarer:

  1. • Bestille festlokale
    -om det er havglytt veit eg dei har sommerstengt til mandag :) Var i bryllup der 24 juli, og da skulle dei ha sommerstengt der to ukker etter den datoen ;)




    - Er lokalet ledig dagen før for pynting?
    -er det havglytt kan det hende du får begynne allerede torsdag, om ingen andre har leigd.. om du ikkje får det, så har du huset fra kl 16 fredagen..

    - Skjenkebevilling?
    Om du bestiller mat fra f.eks bistroen må du ha det.. om du velger å lage maten sjøl treng du ikkje..

    - Serverings- og oppvaskpersonale?
    Spør venninner eller bekjendte som ikkje er invitert :) du treng ca 5 på 80 gjester.. nokken fleire er det ikkje plass til på kjøkkenet... 3 på 50 gjester..

    - Mogelegheit for levande musikk?
    sikkert kjekt det.. men like kjekt med et årntlig anlegg som kan spille variert musikk..

    • Sett opp et budsjett!
    trur vi fan ut at vårt endte på ca 60 000.. sjukt, med tanke på at vi virkelig prøvde å få det billig! men vi hadde fri bar da :) og det var med klær, gull osv ;)


    • Sett opp meny inkl drikke, velkomstsnack og nattmat
    vi hadde vidigal rødvin, og riesling kvitvin.. igen som klagde iallefall :)

    • Velge og ”bestille” toastmaster
    ein toastmaster skal ikkje bare komme med vitsa, han skal lede heile selskapet, ha kontroll på alt fra kortid brudeparet kommer til korleis det står til på kjøkkenet.. velg ein med erfaring.. dyrt, men virkelig verdt det! da kan du virkelig slappe av på dagen... det gjorde iallefall kotrollfriken meg ;)


    • Kjøpe bryllupsforsikring!?
    ehm.. hakje eg hørt om.. me vi fikk nokken til å pakke ned igjen gavane i løpet av kvelden.. fordi ein veit aldri kem som følger med på kor det er bryllup, og får lyst å bryte seg inn.. e litt kjekt å ha gavane meir e 12 tima ;)




    • Velge og bestille musikarar til kyrkja
    Veldig fint med f.eks kornett spilling vedsia av orgelet.. spesielt på brudemarsjen og kanskje på div solostykker..



    • Lage plan for plasseringar i kyrkja
    .trur folk sett seg der det fell dei naturlig.. du må ikkje planlegge deg heilt vekk ;)



    • Bestille brudesuite
    deilig å våkne opp til hotellfrokost ja ;)

    • Lage bordkort, takkekort, menyar, sanghefte osv..
    MYKJE meir arbeid enn ein trur!


    • Bestemme/organisere ”underholdning” for gjestane medan brudeparet fotograferast
    blir ikkje det rett etter kirka da? Gjestane har ok lyst å prate med folk dei ikkje har sett på lenge, eller bli kjendt med nye.. bare ha velkomstdrik klar.. og kaffi.. den glømte vi.. så gjestane fekk ikkje kaffi før langt på kveld ;)

    • Produsere kyrkjeprogram
    er vanlig at presten ordna det ja.. men ikkje i florø.. greit å låne et av nokken som har gifta seg før, så har du ein mal :)


    • Få ein til å vere ansvarleg for å avslutte festen og låse lokalet
    Kven spør ein om slikt noko da?? Servitørane?
    ja, eller et par som du veit kjem til å være edru.. og som er istand til å "kaste ut" folk som nekta å gå :P

    • Velg ein eller to til å pakke og og organisere gåvebordet (husk notatbok!)
    2 stk. venninner :)
    da kan dei begynne allerede rett etter kirka, og ha pakka opp ei god del før middagen.. velg du forlovarane har ikkje dei til før etter middagen.. dei er vel med på fotgraferinga?

    SvarSlett
  2. Takk for mange fine innspill :) Alltid kjekt :D

    SvarSlett