01 august, 2010

Ballade til kyrkja

I går var vi i bryllaup til min fetter og kona hans, ein veldig fin fest (vi var ikkje i kyrkja då..) som sjølvsagt gjorde at eg byrja å sanke meir inspirasjon til arrangeringa av vårt bryllaup :)

Noko eg har tenkt på mange gonger, med ulikt "resultat" kvar gong, er kva sang(ar) vi skal ha i kyrkja. Då tenkjer eg på type solosong eller ballade, og ikkje på salmar..

Det er veldig mykje fine songar å skulle velge mellom når det kjem til "underhaldning" i kyrkja,
ja, faktisk så mange at det er vanskeleg å skulle velge berre ein eller to..


Her er nokre av mine favorittar:


Trykk på songtitlane for å høyre songane/lese tekstane til dei einskilde songane ;)


Tja... kva vi vel er eg visst ikkje sikker på... Får vel konferere med brudgommen og songaren tenkjer eg, og håpe at dei er med å innskrenke valgmogelegheitane, slik at valet til slutt er enkelt og greitt :) Forøvrig passer jo fleire av desse songane som melodi og tekst til når brudevalsen skal dansast seinare på dagen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar