02 august, 2010

Småstæsj

For oss som liker slikt, så er det kjekt å gå i butikkar og sjå og kjenne på alt av store og små ting som trengst til bryllaupet før ein kjøper det. Men einskilde ting treng ein berre ikkje ta og kjenne på, og desse tinga er det gjerne også greitt å sleppe å gå ut av huset for å få tak i. Det blir ofte meir enn nok farting hit og dit for å handle inn allslags småstæsj?? Takke meg til nettbutikkar då altså. Ei venninne som gifta seg sommaren 2010 tipsa meg om ein finfin nettbutikk som ho gjorde seg nytte av til sitt bryllaup: Decorium.

Her finn du alt frå glas til eingongskamera, silkeband, invitasjonskort, gåveesker og så vidare.


Eg for min del falt heilt for eingongskameraene dei sel. Det er blitt meir og meir vanleg å sette eingongskamera rundt om kring på borda både under middagen og til kaffien, for at gjestane sjølv skal ta bilder av kvarandre og fange stemninga og små augebliunk rundt bordet. Vel er ikkje eingongskamera kjende for å ta kvalitativt fantastiske bilder, men på filmane frå desse kameraene er det ikkje mindre sansynleg å finne opptil fleire "gullkorn" (eller "blinkskot" som det gjerne heiter i fotoverda). Kjempekjekt å ha eit eige album med slike random fotominner frå den store dagen!

Vanlege eingongskamera som ein får kjøpt i daglegvarebutikkar er ikkje kjend for vakker design, i alle fall ikkje design som sklir lett inn på det festpynta middagsbordet i eit bryllaup. Kameraene frå Decorium derimot har eit fleire design som nesten garantert passar inn uansett korleis de har tenkt å pynte bordet.
Eitt kamera kostar 99,-, altså ingen upris ettersom det ikkje er så frykteleg mange kamera ein "treng" ;)

Dette skal i alle fall eg sikre meg til den store dagen, når den berre nærmar seg litt meir :)


Synest forøvrig at heller ikkje desse var så dumme. Ei søt, lita gåveeske som kan fyllast med noko godt kanskje, som ei gåve til den einskilde av gjestane. Ser for meg at dei gjer seg brukt som bordkort på middagsbordet? Kunne knytta ei silkesløyfe rundt eska, med sløyfa fint plassert på toppen og namnet til gjesten påskrevet med sølvpenn? Enkelt og elegant.

Sjølv har eg forøvrig ein annan idé til bordkort som eg kanskje heller nytter meg av, men eg vil ikkje røpe den. I alle fall ikkje enda, og kanskje let eg det vere hemmeleg heilt fram til gjestane kjem inn til middagen og ser det sjølv ;)

2 kommentarer:

  1. gleda meg til å sjå bordkorta under middagen! :P hehe ;) ååå, eg e misunnlig på deg som kan planlegge bryllup!

    SvarSlett
  2. Hehe ;) oppspist? :D ..mine bordkort røper eg nok ikkje, dei trur eg skal få forbli "hemmelige" til gjestane kjem inn i selskapslokalet :)

    SvarSlett