Men så veit vi sjølv at vi gjerne vil ha med noko, om ikkje det er så mykje, når vi sjølv er invitert til samankomstar som bryllaup, bursdagar, konfirmasjonar og så vidare.. Og av erfaring likar vi sjølve best å vite kva folk ønker seg når vi skal handle gåver - så difor har vi altså sett saman nokre ønsker til deg som er interessert. Er du derimot ikkje interessert så ser du berre vekk, med godt samvit :)
Vi har éi liste hos Tilbords og vi har ei liste hos Kitchn. -For å kunne sjå lista hos Tilbords via internett treng du gjestepassord, men du kan óg få sjå lista i butikkane.. Begge desse listene som ligg på nett er det mogeleg å skrive ut heime, og på heimesidene til dei respektive butikkjedane er det mogeleg å finne oversikt over kor nettopp din næraste butikk ligg.
Innlogging hos Tilbords:
Fornamn + barndomsetternamn til brud eller brudgom
Passord: 25062011
For å få sjå lista hos Kitchn via internett søker du berre etter lista
ved å fylle ut navnet på lista nøyaktig slik: Iselin & Knut
Elles ynskjer vi oss gåvekort hos:
- Hageland (vi har lyst å anlegge frukthage - og ser føre oss å ligge i kvar si hengekøye under eple- og plommetrea som vi fekk til bryllaupet, og tenke tilbake på den fine dagen og alle dei fine menneska som var med og gjorde dagen og livet ellers fint :)
- Plantasjen (av samme grunn som at vi ynskjer oss gåvekort hos Hageland...)
- Lampehuset (vi ynskjer oss ei fiiin lysekrone med dingel og detaljar i glass, som lyser i alle regnbogens fargar i motsetning til acryl-dingel og sånt...)
- Jernia (vi ynskjer oss ein grill, så vi kan invitere på hageparty med effektiv grilling og laaange hyggekveldar i hagen saman med fine mennesker.. ;)
- Bohus (vi ynskjer oss eit av Marianne Aulie sine klovnebilder, men veit ikkje heilt kva for eitt av desse som vil passe inn heime hos oss enda... Dessuten treng vi mykje anna til huset også, av både smått og stort, som er å få kjøpe hos blant andre Bohus)
- Penger som kan øyremerkast bildekunst til å pynte opp veggane i det nye huset, vert også sett stor pris på! Det er meir enn éin vegg å pynte, så kunstpengar skal heilt garantert få bein å gå på om det vert noko av denslags :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar