Har lyst å juble høgare enn bergensarar som opplever Brann vinne seriegull, men eg er hes i utgongspunktet så jubelbrølet hadde nok uansett ikkje imponert, og dessuten ville eg vore enda hesare etterpå. Konklusjonen er at eg jublar ikkje, men inni meg er eg minst like glad som dei refererte (tenkte) bergensarane!
Ikkje nok med at vi fekk Toastmaster i går, men i dag fekk eg jammen i boks kokken også og "atpåtil" hadde kokken kontaktar så om vi treng fleire kokkar, servitørar og ikkje minst hovmester - ja, så fikser han det LETT :D Alt som manglar er bukett, brudesko og brudebil, og DET er eg ikkje stressa på. Ikkje det grann. Om eg så skal gå barfota inn i vår eigen gode, og heilt alminnelege familiebil, med ei enkel rose i handa så skal eg allikevel ha ein fortreffeleg dag den 25. juni i år.
Jess, jess, jess - vi er i mål!!! :D No skal eg berre kooose meg med resten av planlegginga, utan å vere stressa på om vi får ordna alt det mest nødvendige... Dette er ein godfølelse å legge seg med i kveld! I natt skal eg sove like godt som Knut alltid gjere - i det samme hovudet treff puta :) *gledeshyl*
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar