08 februar, 2011

Klyp meg i armen!

Det skjer så sjukt mykje for tida - eller kanskje er det influensaen som har satt ned reaksjonsevna ein smule, pluss at det har skjedd så lite medan eg har vore sjuk (som eg har fått med meg) at det er lite som skal til for å imponere... Uansett, kjekt å kjenne at det er progresjon!

Plutseleg er sommaren her, og når sommaren er her så er det snart bryllaup her også!!

Iselin: Har eg hugsa alt? Har gjestane det greit? Oooh, den pynten henge skeivt...
Knut: Slapp av, dette går fint! Når kommer kakene? ...og nattmat, er det snart nattmat?

Vi har fått oss toastmaster! Og mamma har etablert kontakt med ein potensiell kokk.. håper på napp der! Kanskje kan han skaffe servitørar også ;) Fotograftimen er ordna så vi får tatt bilder før vigslen - vi skal jo så seint i kyrkja, at om vi skal få mest mulig ut av dagen saman med gjestane våre, så er det ikkje noko å vente med! Frisørtimen til brura er også flytta fram, så då er det i boks... Skisser over korleis brudebuketten kan tenkast å sjå ut er utarbeidd (4 i talet faktisk), skisser over blomsteroppsatsar som skal bestillast samt bilder av aktuelle blomster og grønt er bankers. Så om ikkje for lenge må eg få snakka med blomsterdekoratøren!!! Som eg har sagt så ofte før - godt med alt som er gjort. Difor har eg forresten også sendt forespørsel til konditor i dag, med ulike aktuelle idéar om korleis vi vil ha det... Strengt tatt, og for å bruke Knut sine eigne ord, så gjer han katten i korleis kakene ser ut så lenge der blir kaker. Så det er vel mest rett å sei at eg har skissert idéar om korleis eg vil at kakene skal sjå ut ;P ...det er ikkje alt ein skal forvente at gutta boyz bryr seg nemneverdig om, og for å vere heilt ærleg så er det heilt kurant også - enkelt å forholde seg til :) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar