07 februar, 2011

Framdrift

Det har vore litt stille her i det siste, men det har skjedd noko framgong allikevel ;)

Vi har fått ordna noko dekorasjon til bryllaupet - du kan sjå kva vi har tenkt her.
Og elles har det blitt orden på nokon av dei vi treng til å hjelpe oss sjølve dagen, samt også dagen før.. Men vi treng framleis fleire, og arbeider med saken :)

Til helga håper eg å få ferdigstilt invitasjonane også, slik at dei berre manglar tekstarket med all nødvendig informasjon. Det må vi få ordna ein ordentleg skrivar til å skrive ut, så det tek vi på sikt.. Heldigvis er vi slik stilt at alle inviterte skal vere informerte om dato og stad, slik at det ikkje nødvendigvis hastar med formelle invitasjonar. Men samstundes er det kjekt med alt som er gjort - så til helga blir det nok litt burde-burde ja ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar