Turen til London var meint å skulle vere "innbringande" i form av bryllaupsstæsj - vi fekk klede til mannen, så han har ALT på plass, men bruda manglar framleis brudesko, jentungen manglar alt og det samme gjer mogelegeins gutungen også... Håpte på å gjere brudesko-kupp og brudepikekjole-kupp mest av alt, men den gang ei med andre ord ;P (...men vi fekk shoppa litt av kvart anna, om enn ikkje til bryllaupet...:)
Men, eg har no ein kjole til snuppeliten i kikkerten, så må berre finne ut kva den kjem til å koste med mine spesifikasjonar.. Som tidlegare nemnt er det http://jkdress.com som er staden eg har tenkt å bestille i frå ;) Eventuelt har eg fått ei mogeleg løysing ved å låne ein brudepikekjole, så då finst det i alle fall eit mogeleg utfall om eg ikkje får alt nøyaktig som eg vil ha det til ein akseptabel penge lommeboka tatt i betraktning ;) *love, love, love planlegging* !!! :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar