(Merkar meg at dette vart ei litt vel overivrig innleiing... det er gjerne berre eg som er fullt så spent som eg prøver å antyde at våre gjester liksom er i høve den store dagen vår...)
Det eg prøver å sei er at Vi er ferdig med å lage invitasjonane!!!
No manglar vi berre... å få skrive ut eit infoark i X antal eksemplar, til dei longvegsreisande,
med informasjon om overnattingsmoglegheiter i Florø og diverse anna (potensielt) nyttig.
Så må dei puttast i konvolutt sjølvsagt, frankerast og sendast (til dei av gjestane vi ikkje ser i umiddelbar framtid) eller leverast personleg (for dei vi med gode utsikter forventar å treffe på i næraste framtid)
Enda ein milepæl i bryllaupsplanlegginga er nådd, og vi gler oss stadig meir til den store dagen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar