11 august, 2010

Fargar

Det er vanskeleg å velge!!!

Blått symboliserar trufastheit, sanning, håp, tru, fred, harmoni og evigheit.
Perfekt bryllaupsfarge reint symbolsk med andre ord!
...men ikkje heilt min smak... har ingen planar om gresk tema for å sei det sånn...


Grønt står for vekst (i kjærleiken og livet kanskje?), frodigheit, framgong, håp, harmoni og omsorg.
Også ein symbolsk veleigna bryllaupsfarge.
Og sånn ellers så er det jo ganske fint også :)

Kvit, liksom sølv, står for reinheit og uskyld.
Enkelt og greit, og ikkje minst fint!

Raudt betyr kjærleik, mot og vilje, kraft og energi.
Ingen gode grunnar, reint symbolsk, for ikkje å velge raudt?? :)
Klassisk bryllaupsfarge, men litt vel kraftig farge til å dominere fasaden
til ei brur som sjølv er kvitare enn isbreen.. Eller vent! Isbreen er vel meir blålig..
Jaja, det er vel akkurat det eg også er X) ...Nei, så raudt blir det ikkje...

Rosa må vel bli ei blanding av raud og kvitt? XD
Fint i alle fall, men mulig at Knut synest det er for feminint,
eller kanskje snarare prinsesseaktig i for stor grad?...



Og visst rosa har ei betydningsblanding av raud og kvitt,
så må vel lilla ha ei blanding av raudt og blått? :P
Eg likar lilla også.. fordi det er fint altså :)

Og berre fordi det er fint, så er lilla fargen på sida vår her,
i alle fall til vi har bestemt oss for temafarge til den store dagen ;) 


2 kommentarer:

  1. Blir lilla ei blanding av blå og rød da eller? ;)
    *knis*

    SvarSlett
  2. Hihi X) Ja, burde det ikkje det da? ;P
    Inntil eg finn ei tyding på lilla som er betre enn blå+raud, så går eg for ei blanding heilt enkelt :D

    SvarSlett