No har alle gjestane anten fått invitasjonen, eller dei har den i postkassa eller levert på døre innanfor rimeleg tid, så då freistar eg meg til å legge ut bilde av dei. Det er nemmeleg eit par som har spurt korleis invitasjonane såg ut, når eg sa at mannen og meg hadde laga dei sjølve..
Det er eit A5-ark bretta til A6-format med "dobbeltdører" i front (i mangel på bedre ord). Det vesle panelet med namn og sløyfe(r) på, er festa med dobbeltsidig tapeputer på den venstre av dørene..
Eg er ikkje kjend for å vere ei dame av få ord, i alle fall ikkje blant kjende og kjære, og det er vel det som tel? Uansett var det jo kjende og kjære som skulle lese orda, og då var det naturleg å lage ei heil lita regle ;P Så A6 var ikkje nok boltreplass, og dermed måtte det bli to gonger A6 til å skrive på...
Slik ser altså invitasjonen ut,
så utbretta som den kan bli..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar