15 mars, 2011

Snart

Det nærmar seg tid for å få fingen ut og lage det som kan lagast til sanghefte og kyrkjeprogram. Kyrkjeprogrammet kan sjølvsagt ikkje gjerast ferdig før vi har hatt samtale med presten, men layouten kan til ei viss grad ordnast før den tid. Sangheftet med alt det skal innehalde kan uansett begynnast på. Får heldigvis printeassistanse, og det er det god hjelp i ettersom det vert nokre hundretals sider til saman med over hundre inviterte middagsgjester!


Eg likar å arbeide med sånt, så dette skal eg (også) kose meg med. Kva er det eigentleg å ikkje kose seg med, når ein planlegg bryllaup??

No er det forresten snart 4 år sidan vi skreiv under på vigselspapira hos sorenskrivar. Det kjendest som ei særs formell forloving, men ettersom vi reint juridisk vart "rette ektefolk" den dagen måtte vi kle oss litt opp. Mintgrøn selskapskjole på kona, og svart dress med matchande slips til kjolen på mannen. Matchande oppdressing er alfa omega syns denne kona her. I utgongspunktet heilt uvesentleg, men samstundes ganske stilig når det først er blitt sånn, syns mannen i huset.

Det ville vore rart å stille opp hos sorenskrivaren i joggedress og utgåtte sko, og det ville vore rart å komme heim etter (den merknadsverdig korte) seansen og ete grandiosa og drikke vatn. Så vi åt ute i lag med foreldre, forlovarar og mormor - som stod for kaffiselskapet etterpå. Ja, så tok vi altså kaffi og plutseleg-bestilt-marsipankake (svigerfar-Atle sin yndlings) etter middagen, i det som no skal verte heimen til oss og ungane :) Gode minner! ...men enda kjekkare vert det å få den verkelege kjensla av å bli og vere gifte, og ikkje minst med minnene frå den store dagen vår saman med alle som er nære og kjære :)

Ei bryllaupskake - takka vere dua som sit på to gullfarga plastikkringar..

Men fram til den dagen, så skal eg altså nyyyte planlegginga medan eg dagdrøymer om dagen med stor D! For det er DEN dagen vi giftar oss. Heilt eigentleg. No er vi berre frykteleg formelt forlova - i eigne auger, om enn "staten" gjerne vil hevde noko anna..




3 kommentarer:

  1. haha! Husker så godt denne dagen:)
    Satt hos frisøren som plutselig spurte, ka er det dokke skal idag egentlig, siden dokke doller dokke son opp??
    og du svarte "eg skal gifte meg!" hehe frisør dama blei jo helt satt ut først, pleier liksom å få litt meir tid på seg og forbredelser før ei brudepynting:)
    Men vakker blei du!!!
    Og etter kaffen hos mormora di, for vi på pubben å drakk drinker å spiste pizza i finstasen:) fikk en del oppmerksomhet da ja:)
    Var en kjekk dag!
    Men gleder meg veldig til neste bryllup!

    SvarSlett
  2. Kommentaren var forresten fra Forlover-iselin (glømte å signere) ;)

    SvarSlett
  3. Det stemmer. Vi åt jo nesten grandis til kvelds X) Hehe... Det var i alle fall "kjøpepizza" ;)

    Litt meir planlagt og "gjennomført" denne gangen her ja. No skal vi jo faktisk ha bryllaup, i motsetning til då vi skreiv under på papira ;D

    SvarSlett