03 mai, 2011

Visst du vil...

I slike høver som bryllaup er det ofte ein og anna som vil sei eit par ord, eller kanskje bidra med ein sang til dømes. Dersom du er blant dei nemnde "ein eller anna", så er det sjølvsagt veldig kjekt og vi gler oss veldig til å høyre det du vil dele med oss og gjestene våre. Men for ordens skuld vil vi gjerne at du så snart som du har bestemt deg for at du eventuelt vil bidra med noko slikt, så set vi stor pris på om du tek kontakt med vår gode Toastmistress Asta og fortel kva du vil bidra med.

Plan for dagen skal leggast, og ettersom vi er inne i starten på ein travel periode som heretter berre kjem til å ta seg opp for så å halde stressnivået på topp fram til lokala er pynta kvelden før bryllaupet, så er det fint med alt som er meir eller mindre kontroll på så tidleg som råd. Så slepp eg tenke på organisering av bryllaupsmiddagen medan eg avlegg siste eksamen og etterpå skal heim og pakke ned bergenslivet i kasser og køyre det heile til Florø for opp- og utpakking til å bli eit Brandsøy-liv :)

Du kor vi gler oss! Til å komme heim, til bryllaup, til å få tilbringe ein heil dag saman med folk som har betydd mykje, som er ein viktig del av kvardagen no og som forhåpentlegvis kjem til å ha ei rolle i framtida vår også. Berre mange kjekke mennesker (vi blir like oppunder 100 i talet ser det ut til!!!), samla på ein og samme stad - saman med oss på ein av livets viktigaste dager ♥   



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar