01 juni, 2011

Plutseleg!

Det er merkeleg kor tida flyr hastande avgårde før ein får sukk for seg, spesielt i periodar då ein helst skulle ynskje at døgnet hadde fleire timar og vekene fleire dagar. Eller eventuelt at det var mogeleg å klone seg sjølv, slik at den andre kunne ta seg av eksamen og denslags fryktelege tidsslukarar, medan ein sjølv kunne ordne med flytting til den endelege Heimen og vidare planlegging av bryllaup og fest med fine folk som ein er glad i og verkeleg vil bruke tida si på og med.

Mykje er ordna men enda ein del detaljar gjenstår, av slikt som ein må tenkje på når ein planlegg ein av livets største hendingar. Dessverre er det andre viktige ting som må ordnast først. Eksamen til dømes. Siste eksamen før eg er klar for lærarlivet, dersom skulane heime har noko å tilby av arbeid såklart. Men det tenkjer eg ikkje på no. No er det sjølve eksamenen som får (nesten) fullt fokus. Og så er det flytting (i hovudsak Knut sin jobb) og så bryllaup (i hovudsak min jobb). Det er viktig med ei viss fordeling når det skjer så mykje samtidig. Men samarbeid er vi verkeleg ikkje så verst på, om det er lov å skryte litt av duoen ein sjølv utgjer eine halvdelen av. Det meste går seg til nokon lunde slik vi vil. Då er det ikkje skummelt å legge opp til multitasking på høgt nivå i periodar.

Men etter ein månad no, som vi i store delar av veka har budd kvar for oss - eg i Bergen med ungane medan eg førebur meg til eksamen, og han litt her og der (berre ikkje i Bergen) med opplæring i den nye jobben sin med base heime i Florø, så skal det bli godt å få litt ro i kvardagen. Og den første dagen med ro, eller i alle fall berre hygge, det blir 25. juni - sjølvaste bryllaupsdagen. Den dagen kjem vi til å nyte! Den dagen gler vi oss til. Og vi gler oss mest av alt til at så mange som 100 flotte folk - familie, vener og gode naboar skal vere med å feire dagen saman med oss. Vi veit at vi er heldige, og vi er veldig takknemlege for det.

Og til dykk som av ulike grunner ikkje har høve til å vere med denne dagen; Vi håpar det kjem høve til å få dykk som gjestar når heimen vår er ferdig, med gjesterom klare til å huse dykk! Å feire venskap, godt naboskap og elles gode minner kan ein gjere når som helst - ein treng ikkje bryllaup som unnskyldning for denslags! ;)


Store klemmar til alle saman frå  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar