07 januar, 2011

Kleskode

Ikkje at eg heilt trur det er eit reelt, skrikande behov, men antrekk er i alle høve nemnt som noko som gjerne vert benemnt i bryllaupsinvitasjonar har eg forstått. Og då tør ikkje denne Bridezilla-bruda å la vere å nemne det - ingenting kan overlatast til tilfeldigheitene på eit av livets viktigaste høgdepunkt! ;)



Den samme kleskoda gjeld for både damer og herrer; Pentøy ;)
- Så enkelt, men nokre gonger akk så vanskeleg...!!!

Difor deler eg herved ein link til ein oppklarande og grei artikkel om nettopp kleskodar i bryllaup, for dei som skulle vere i tvil om kva dei skal eller kan gå med som bryllaupsgjestar ;)
(...Forøvrig nemner ikkje artikkelen bunad eller festdrakt som eit aktuelt alternativ, men det synest eg så absolutt at det er allikevel, dersom det skulle vere nokon som ynskjer å bruke det :)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar