06 januar, 2011

Velkommen til vår heimstad - Florø!

(Bilde lånt fra Florø Rorbu sine nettsider)

Kanskje er det nokre av dei tilreisande som har lyst å vere i Florø meir enn berre bryllaups-laurdagen? I såfall er det gjerne kjekt å vete kva for ulike aktivitetsmogelegheiter som ligg og ventar i området.. Eg skal gjere mitt beste for å greie ut om eller eventuelt henvise til andre nyttige sider, slik at det er lettare å finne fram til slikt som kan vere interessant å få med seg når ein fyrst besøker byen og områda rundt.

(Bilde har samme "opphav" som bildet ovanfor)

Dette kan gjerne vere ei grei side å ta utgongspunkt i: "Vandring" i Flora

Etter kvart som eg eventuelt finn fleire fine og aktuelle nettsider, informasjon osv kjem eg til å oppdatere dette blogginnlegget. Elles, dersom du lurer på noko som du ikkje finn svar på her, send oss ein mail (iselinogknut@yahoo.no) så skal vi prøve så godt vi kan å finne svar eller eventuelt andre å henvise til ;)

(Dette bildet er også lånt fra Florø Rorbu sitt bildegalleri)

:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::


(KANSKJE) KJEKT Å VITE NÅR DU FØRST ER I FLORØ…




Florø er ein by med sjel og engasjement. Byen starta si historie i dei ”gode sildeåra” og vart tildelt bystatus i 1860. I dag, 150 år seinare, er Florø vokse fram til å bli ein innovativ, jordnær og kompakt by.
Byen er kjent for å være ein internasjonal idrettsarena, for Sagaøya Kinn (den vakre øya med det kløyvde fjellet) der du kvart år kan oppleve Kinnaspelet, for vakre Svanøy kor du mellom anna kan oppleve Nasjonalt Hjortesenter, for ”Sildebordet” som vert arrangert kvart år i helga rundt 20. juni, for arrangementet FotballFlora med Liverpool-legender, og ikkje minst for Helleristningane i Ausevika og Kystmuseet som gjev eit historisk perspektiv. Elles er også nyttårsmarsjen ved namn Kjippen verdt å nemne, sjølv om dette ikkje er noko bryllaupsgjestane får høve til å oppleve i samband med turen til sommaren ;P


::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::


FOR DEG SOM LIKAR Å TRAKKE LITT ?


1. Brandsøyåsen

”Brandsøyåsen er et kjempeflott utsiktspunkt midt i Florø, som kan nås til fots og med sykkel. Brandsøyåsen er det viktigaste fotturområdet i kommen, fordi det ligg slik til at det fungerer som nærområde for omlag 80% av kommunen sine innbyggarar. Etter at Telenor bygde (asfaltert) veg frå austsida, synast det som bruken av området har auka. Det er elles stiar til toppen av åsen frå mange kantar. Stiane er merka med fine treskilt.”

På toppen av Brandsøyåsen har du utsikt over heile Florø sentrum, øygarden utanfor fastlandet, fjell, bre og ikkje minst forstaden til Florø - bygda Brandsøy.

Du finn oversikt over dei ulike rutene opp til utsiktspunktet HER

Den store raude prikken markerer toppen på Brandsøyåsen ;)



2. Storeåsen og Lilleåsen

Turområder på grusvegar og stiar, med utsiktspunkt ut over Havreneset, Stabben fyr og øyane i havgapet.

(Dei to prikkane markerer dei respektive åsane ;)


3. Kystmuseet

Kystmuseet byr ikkje berre på innandørs museum, men også på eit omliggande turområde med grusvegar og gangbruer over små sjøkanalar, ikkje så langt fra Florø Sentrum.

Den raude prikken markerer museumsbygget.
Turvegen strekk seg frå bygget og til havneområdet ved Kleiva
som er å sjå oppe til høgre for den raude prikken i kartet over..


4. Storevatnet

Storevatnet, som ligg like ved sentrum av byen, er eit ynda turområde. Langs litt over halve vatnet går det ein gruslagd turveg mellom trea. Vegen rundt resten av vatnet går på fortau langs bebyggelse ved den gamle hovudvegen mellom Brandsøy og Florø. Ved begge endar av vatnet er det laga til eit mindre parkområde med sitteplassar, kor ein kan mate dei lokale endene eller eventuelt ete lunsjen sin sjølv..

Merka med ein raud ring i kartet finn du Storevatnet.
Grusvegen får frå kortsida av vatnet ved Kinnvegen,
og langs heile den lange "nedsida" av vatnet sett ut frå kartet over ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar