07 januar, 2011

Barnefri vaksenfest

Bryllaupet er, i vårt tilfelle om ikkje ellers, ein fest for og med vaksne. Dette fordi vi ikkje ynskjer å måtte ta hensyn til born i valg av mat, drikke, bordsetting eller anna som krev justeringar for at alle skal trivast best mogeleg. Denne dagen skal dei vaksne få vere vaksne, utan å måtte ta ekstra hensyn. Våre eigne born får delta i kyrkja, men skal sidan tilbringe dagen og kvelden saman med barnevakt. Vi ynskjer difor at andre sine born også får ein annan stad i vere på bryllaupsdagen vår, men minner om at det vert dei einskilde foreldra sjølve som må syte for barnevakt ettersom vi har jobb nok med å finne nokon som vi har lyst at skal passe våre eigne... Hadde vi vore bedre kjent med potensielle barnevakter heime skulle vi derimot meir enn gjerne hjulpet til med dette... Håper det let seg ordne å få barnevakt dei søte små til alle dei av våre inviterte som er avhengige av det! :)


Babyar som er avhengige av amming/flasking får sjølvsagt vere med, då desse ikkje krev omtanke i høve bordplassering osv vi ikkje vil vere nøydde å tenkje på. Det einaste vi ber om i høve desse yngste "deltakarane" er at dei vert teke med ut av "spisesalen" under taler og liknande, dersom det vert skriking - ikkje fordi vi ikkje toler å høyre det sånn eigentleg, men fordi vi sjølvsagt ynskjer å få høyre det som vert sagt i talene ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar