08 januar, 2011

Bruda og Brudgommen

Dei fleste veit sikkert noko, men ingen kjenner vel til alt? Ikkje at eg har tenkt å legge ut om absolutt eitt og alt her (noko høver seg gjerne best mellom dei det gjeld ;P), men litt meir enn berre til å kjenne "fasaden" eller "skalet" tenkjer eg de skal få ;) Kort fortalt? Tja...

Iselin har vokst opp i Brandsøy som eldst av tre systre. Knut på si side har vokst opp noko nærare Florø sentrum enn Iselin, som yngst av tre sysken med ein bror og ei syster. Iselin gjekk på Brandsøy skule i klasse med blant anna sin forlovar, og Knut gjekk på Krokane skule blant andre med sin forlovar. Når barneskuleåra var over havna alle fire som om det skulle vore skjebnebestemt (!?) i samme klasse på ungdomsskulen. Og jo, ungdomsskulen vår har og hadde fleire klassar per trinn, for dei som kanskje trudde at sjølv ungdomsskulen vår er pitteliten eller til og med fådelt ;P

No trudde du kanskje eg skulle fortelle om blomstrande kjærleik allereie her? Nei... Iselinane haldt seg med sine, og fotballfolka holdt seg med sine for å sette det heile på spissen... Iselinane syntest vel begge at desse relativt uskuldige av fotballgutane var skjønne, og underskrivne prøvde ved eitt særskilt høve å gjere ei tilnærming for å bli bedre kjent. Det var like etter jul eller Knut sin bursdag i januar, og guten var stæsja opp med ny, fin genser og ein overdreven dusj av godlukt (som 14'issar gjerne er kjent for). Eg tenkte at eit kompliment gjerne kunne være ein grei måte å oppnå kontakt med...

Iselin: "Oi, du lukter jammen godt! Ny parfyme?"
Knut: "Lukter eg ikkje alltid godt?"
Iselin: "Ehhehehe... jooo.... Fått ny genser? Den er kul"
Knut: "Selvfølgelig.. hadde ikkje gått med den ellers"

Det var med andre ord ikkje noko å hente hos den karen på den tida med andre ord, og det vart vel ikkje gjort fleire tilnærmingsforsøk for å bli betre kjent i den næraste framtid etter dette. Ikkje før forlovarane våre fekk det føre seg at dei skulle prøve seg som "Kirsten giftekniv" og spleise oss mot slutten av 10. klasse nokre år etter den refererte samtala oss i mellom.. Men Iselin har ein seig hukommelse og tok ikkje spleiseforsøket spesielt seriøst for å sei det enkelt, men har gode minner frå sommaren etter 10. klasse då vi to (etter kraftig lobbyverksemd av våre noværande forlovarar) for første gong begynte å vere med kvarandre som vener.

Og vi vart gode vener, så gode at vi brukte rimelig mykje tid saman, men framleis berre som vener... Dette førte naturleg nok til at Iselin sin familie fekk møte Knut, og Iselin si mamma (som eigentleg er ei heilt vanleg, norsk dame) gav etter litt grei beskjed om at Knut skulle bli hennar svigerson - og visst ikkje eg ville ha han, så skulle ho få Sunniva (Iselin si 3år yngre syster) til å gifte seg med han på sikt. "Sann mine ord - han skal eg ha som svigerson". Meldinga var klar, og her snakkar vi altså med andre ord om eit vassekte arrangert ekteskap... "Jaja" tenkte eg "mamma har alltid rett, så eg kan vel berre droppe venskapet og bli kjærast med han først som sist" og så levde vi lykkeleg.....

Nei, det skjedde kanskje ikkje heilt sånn, men det er ikkje tull dette som mamma er sitert på ovanfor. Men det tok altså litt tid før vi altså vart kjærestar.. Det skjedde ganske gradvis - vi var jo vener og brukte mykje tid saman. Og dette hendte altså i dei dagar då Knut gjekk vidaregåande, elektrofag i Florø, og Iselin på vidaregåande, kokkfag i Førde. Og dermed vart det til at Knut reiste mykje på besøk til Førde etter skuletid. Skulen sluttar som kjent litt utpå dagen, så skulle det vere vits i å reise til Førde for Knut så måtte han kunne vere der "nokre timar", og då blei det ofte for seint til å reise ut att til Florø... Knut hadde fast soveplass på Iselin sin alt for korte, blå stoffsofa. Fekk han ikkje nakkeskader på grunn av dårleg liggestilling då, så får han det aldri! Men kva gjer ein vel ikkje for... eit godt venskap?

15. desember hadde Iselin og Knut leiligheita for seg sjølv, leigde to jentefilmar og skulle kose seg med smågodt og chips. Tja.. kort fortalt baud filmane på romantikk og det gjorde den blå sofaen også. Og for å sei det sånn, så mykje som Knut budde i den blå sofaen i Førde, så kunne han like godt gjort krav på eigarskapet til den - vi har praktisk talt vore gift sidan den tid! Og mamma, ja det gjekk ikkje uventa sanning i hennar profetiar.

Iselin flytta trass i si nyerværva kjærleik til Knut ned til Sandnes for å ta læretida si som kokk. Ho lot Knut vere att i Florø ved lærebedrifta si der. Men det varte ikkje lenge... Det vart eit tårevått og hjarteskjærande farvel på Florø Lufthamn den dagen Iselin flytta, og i månadane som fulgte vart det sendt uendelege mengder over-romantiserte tekstmeldingar og kjærleiksbrev, samt foretatt eit ukjent antall suppete telefonsamtalar mellom dei to (etter alt å dømme) djupt impliserte. Knut fann omsider ei lærebedrift han kunne satse på å bytte til i Rogaland, og fann ei leiligheit saman med Iselin på Tananger utanfor Stavanger. Vi vart sambuarar etter berre halvtanna år, 18 og 19år gamle...

Læretidene våre gjekk mot slutten og studietida på høgare nivå nærma seg. Iselin var alt gifteklar med ein eldgammal (her slår muligens relativitetsteorien inn til ei viss grad?) draum om kvit kjole, femetasjers bryllaupskake, overflødighetshorn med masser av twist, slottsball, domkirkevigsel og i det heile. Knut var meir tilbakehalden på det området - då verka det faktisk mindre skremmande med ein familieforøkelse (skjønt han trong noko bearbeiding før vi kom til einigheit om tidspunkt for dette...). Og i 2005 - planlagt til punkt og prikke, ei veke etter vi flytta inn i studentboligen i Bergen, så kom Olai Leander til verda - "som snytt ut av nasa til far sin" i følge mor til Knut (og det har ho nok mykje rett i). Og, tre år seinare, så kom Nelli Marlen som ein rakett inn i familien (om mogeleg enda meir nøye planlagt). Og no skal omsider bryllaupsdrømmen til Iselin bli verkelegheit - endeleg!!! Ekteskapspapira vart skrivne under på i 2007, då vi fekk tilbod om å kjøpe vår framtidige heim i Brandsøy, men bryllaup og kyrkjevigsel måtte vente... Denslags kunne ikkje Knut skjønne at vi skulle måtte ha - i alle fall ikkje før om leeeeeenge lenge... 

Først ville Knut drøye det til 2012, men når forslag om ytterlegare familieforøkelse kom på bordet, då såg han seg nøydd til å framskynde bryllaupet for å utsette ytterlegare auking i folketalet innanfor husets fire vegger. Greitt for brura - Iselin let seg villig "lure" til å framskunde bryllaupsdrømmen heilt utan å føle seg lurt ;D ..spørsmålet er vel kanskje om det eigentleg er brura som vart lura??? ;P (Det er berre kjekt å kunne vere til underhaldning for dei som eventuelt treng noko å spekulere i ;) ...og i tilfelle det ikkje var nokon som spekulerte før, så kan det kanskje vere nokon som gjer det no, og då har underhaldsforsøket i alle fall ikkje vore forgjeves :D) 

Og sånn går no dagane... Vi underheld kvarandre og vi underheld oss sjølv, vi underheld ungane og jammen kan det vere vi har underholdt naboer, vener og familie også gjennom årenes løp - det er aldri godt å vite og alt treng ein ikkje vite heller når sant skal seiast. Men det vi i alle fall veit er kva vi har, og det held vi på.




Vi sit tett saman, det sprakar til fest,
ein engel og ein eg har kjær.
Eg veit at eg får det eg ynskjer meg mest,
eg ynskjer meg berre det her.

(Fritt omskrive etter Kjerstin Aune)


   

2 kommentarer:

  1. haha, herrlighet så bra skreve:D likte spesielt godt det at det var mindre skremmandes å få unger enn å gifte seg:P vi har veldig lyst på unger her i gården og, men eg synst rett og slett det e skummelt hehe. MEN, det spørst kor lenge det blir holdt tilbake når ringen kjem på fingen. Han er ivertfall veeeeldig klar han her eg bur med :P

    SvarSlett
  2. Hehe ;) ...fleire som har stussa på den konklusjonen ja :P :)

    SvarSlett